lørdag 27. mars 2010

Nordhordlandscupen


Hei alle tentreffgjengara! Tenkte eg berre skulle informere om Nordhordlandscupen som er 10 april. Den skal vera i Nordhordlandshallen! Der kan du og dine kamerater eller venninner stille med eit fotballag! Kvart lag må vera minst seks stykker og om du melder deg på før 1 april koster det 700 kr. pr. lag. Etter det er det 800 kr. pr. lag.
Meir informasjon finn du på nhcupen.com. Om du klarer å samle eit lag kan du gi beskjed til Hogne for påmelding eller ordne med det sjølv!
Hadde vore kjekt om vi fekk til 1 eller 2 lag frå Myksvoll;)

God Påske til alle sammen!

fredag 25. desember 2009

Tentreff-julebord!!

No er det vel på tide med litt bilder frå juleavslutningen, så sjå og nyt. Tentreff er sterkt tilbake til våren. Følg med her for siste nytt!


Ikkje noko å sei på pyntinga.






Pepperkakehusbyggekonkurransen er i gang.






Dei lo ikkje like mykje etter at dei tapte!


fredag 30. oktober 2009

16. oktober-leikane

Forrige Tentreff gjekk dei tradisjonsrike 16. oktober-leikane av stabelen. (Kanskje ikkje så tradisjonsrike endå, men det kan dei bli.) I alle fall var det god stemning til tross for eit avansert og lunefullt poengsystem. Vi bringe her litt bilder frå den legendariske kvelden. Ellers så håpar vi alle sammen tar turen på ungdomsmøte i kveld igjen! Då er det Jens som skal ha andakt, og det blir kafé med meir etterpå. Snakkast! :)


Blir det minus- eller plusspoeng?
Teamet frå Bildøy bidrog ikkje berre med song og andakt, men også med god stemning i kaféen.










tirsdag 6. oktober 2009

Ungdomsmøteveke på Leknes!

Denne veka er det på Leknes det skjer. Ungdomsklubben der arrangerer ungdomsmøteveke, og det betyr ungdomsmøte kvar kveld frå onsdag til søndag med andakt, kiosk og sosialt. Ikkje verst! Kjenner vi dei rett blir det vel litt underholdning og.

På Leknes er det mange artige folk og vi satser på å reise ut og treffe dei! Derfor blir det moglegheit til å få skyss ut kvar kveld. Send ein melding til nr. 98683424 om du treng skyss, og så møtes vi med bedehuset på Myksvoll kl. 18.45. :)

torsdag 24. september 2009

Tentreff har fått sitt første offisielle styre!

På forrige Tentreff var det stor spenning knytta til valget av det første Tentreff-styret. Styret skal vere rådgjevarar for ledarane, og får litt ekstra ansvar på samlingane. Kandidatane var mange og gode, og her var ingenting avgjort før alle stemmer var talt opp. Tentreff-bloggen kan no som første seriøse medium bringe resultatet av avstemningen!

Det nye styret er:
Ingvild Feste Køhne
Audhild Hetlebakke
Tørbjørn Romarheim
Jørgen Valle
Og her kjem eit (heldig?) bilde av dei:

Av ledararne er Siri og Hogne med på styremøta. Og styret har faktisk allerede hatt sitt første møte der vi planla litt kva som skal skje utover høsten. Og styret kan røpe at vi ser spesielt fram til aktivitetskveld og juleavslutning. Følg med, følg med! Heile programmet kan du sjå til høgre.

Neste samling blir altså Ungdomsmøte på fredag 2. oktober kl. 20. Då kjem Ann-Elin Dyrøy og har andakt. Satsar på vi sjåast der!

mandag 14. september 2009

Tentreff på fredag - Andakt av Steinar Angelskår og valg til nytt styre!

På fredag kjem denne tilsynelatande normale personen og skal ha andakt på Tentreff. Det gler vi oss til!


I tillegg skal vi ha årsmøte. Ja, du hørte riktig! Sjølve årsmøtet kjem nok til å vere ganske raskt unnagjort, men ikkje lite viktig av den grunn. Vi skal nemlig ha valg! Gløym stortingsvalg, pizzavalg, skulevalg og soknerådsvalg. No skal det nemlig velgast folk til det nye Tentreff-styret! Mange gode kandidatar stiller til valg og valgkampen er godt i gang. I tillegg vert det sjølvsagt vanlige aktivitetar, kafé og anna. Gå ikkje glipp av tentreff denne fredagen!

søndag 6. september 2009

Tentreff har fått egen blogg!

Seint ute? Mulig det. Men no har Myksvoll Tentreff egen blogg og forhåpentligvis snart mange lesarar. Her kjem litt av kvart av info om Tentreff og ungdomsmøter. Pluss sjølsagt bilder av folk og fe og ellers andre ting vi i styret har på hjarta. Og lurer du på kva som skjer framover er det berre å ta ein kikk på høyresida her. Der ser du for eksempel at neste Tentreff er 18. september. Vi kan avsløra at vi får besøk av Steinar Angelskår som skal ha andakt. I tillegg skal vi ha valg til det nye Tentreff-styret, så her gjeld det å møta opp!


Herved erklærer vi Myksvoll Tentreff sin blogg for åpna!



Og for at ikkje første innlegg skal bli kjedelig, legg vi ut litt bilder frå leir i sommar. Vi var nemlig ein god gjeng som reiste på ungdomsleir på Raknestunet i sommar, så her kjem litt bilder frå då:




Myksvoll var sjølvsagt representert i den store flåtekonkurransen. Vi kan avsløre at dette byggverket ikkje vant.




Krykker er ingen hindring for å vera ledar på leir i følge Jan Ingve.



Denne ledaren var uheldig og vart avbilda akkurat då han skulle stappe heile burgeren i ansiktet.

Utflukt til den lokale stranda. Her er gjengen samla utafor Jan Ingve sin mobile kiosk.
Henging i "kiosken".



Avsluttar med litt bilder av gjengen i aksjon i Tarzanløypa. Imponerande at ingen vart alvorlig skada. :)